Daugstadnavnet       Jarnalderen   Middelalderen    Sagbruk    Skred  Presten Krogh


Uke 18-2011 var der fagfolk frå Bergen for å undersøke ei av gravene like sør for ein gravhaug på Villa i Tresfjord frå tidleg Middelalder.
Her er rapport fra denne utgravinga

Gravene ligg kloss inntil E 136 midt mellom Tresfjord og Vikebukt. Villagarden er ein av dei største i bygda, og det var under jorddyrking i 1930 at Ivar E. Villa kom over ei lang steinhelle som låg 30 centimeter nede i jorda.

Gravhaug: Dette er gravhaugen frå tidleg kristen tid på Villa i Tresfjord. Den skal no opnast for nye undersøkingar.
Gravhaug: Dette er gravhaugen frå tidleg kristen tid på Villa. Den skal no opnast for nye undersøkingar. 
FOTO: OLAV SKJEGSTAD

Skjelettfunn
Under denne hella fann han restar av eit menneskeskjelett, og dette funnet førte til fleire undersøkingar av haugen tidleg på 1930-talet. Konservator Th. Petersen stod for utgravinga. Han fann ikkje mindre enn 16 graver frå tidleg kristen tid i Norge.

- Måten dei døde var gravlagde på, viste at dette måtte vere graver frå den eldste kristne mellomalderen. Alt tyder på at dette er den eldste kristne gravplassen som vi kjenner til i Vestnes kommune, fortel Per Bjørn Ellingseter, leiar i Vestnes sogelag.

Datering
Denne gravplassen skal no på nytt undersøkjast nærare. Neste veke vil forskar Sæbjørg Walaker Nordeide frå Senter for mellomalderstudium i Bergen gjennomføre ei utgraving på staden.

Skjelettekspert Stian Hamre blir også med på arbeidet, dei skal undersøke nærare ei av gravene på Villa. Arbeidet skal vere avslutta den 6. mai.

Steinhella som Ivar E. Villa fann for 81 år sidan, er 1,74 meter lang. Den låg i retning aust-vest, noko som fortel at den er frå kristen tid. Lektor Ole L. Hoem melde om funnet til Videnskapsselskapet museum i Trondheim og leia seinare utgravingsarbeidet. Det vart også funne restar av ei tverrøks, som vart brukt både i yngre jarnalder og inn i Middelalderen.

Ingen smykke
Gravområdet er cirka 60 kvadratmeter, og det vart funne skjelettrestar i 13 av dei 16 gravene. Ingen av dei døde var brent, men det vart funne bitar av trekol, som kan ha hatt rituell betydning.

Det vart ikkje funne våpen eller smykke i gravene. Datering av gravene er ikkje klart, her kan nye utgravingar kanskje gje eit meir presist svar. Teorien så langt er at gravene er frå tidleg kristen tid, det er ikkje funne teikn som tyder på at det er frå tida før Norge vart kristna.

Denne artikkelen er sakset fra RbNett ved Olav Skjegstad