Daugstadnavnet       Jarnalderen   Middelalderen    Sagbruk    Skred   Presten Krogh


Daugstad-namnet

 I februar 1993 var 25 kjerringar frå Daugstad i mediabildet både i lokalpressa og på riksnytt. På spark og ski og væpna med faklar og kamplyst protesterte kjerringane mot Statens kartverks fjerning av g-en i Daugstadnamnet. Framlegget kom i samband med ein kartrevisjon. ”Bygda vår er ikkje ein dau stad”, sa kjerringane. Denne hendinga viser at namnet på plassen vi kjem frå eller bygda vi bur i er viktig, det er ein del av ”rotfestet” vårt.

Kva kjem så namnet Daugstad av? Her er kjeldende få og usikre. Ivar Brovold skreiv i 1901 at namnet kunne ha samanheng med ”Befolkningens Uddøen i den sorte død 1349”, med andre ord at bygda vart lagt aude under Svartedauden. Brovold meinte vel det kunne vere rimeleg at dei som då kom til denne daue plassen la på eit slikt namn. O. Rygh, i ”Norske Gaardnavne” frå 1908, meinte namnet kanskje kunne ha samband med eit elvenamn. I ”Bygdebok for Tresfjord” frå 1959 blir namnet kobla til ein gamalnorsk namnetradisjon der første stavinga kjem av personnamnet ”Dagr” som etterkvart har vorte endra til ”Daug”.

Kjært barn har mange namn, slik også med bygda Daugstad. Dougstad, Dogstad, Daustad, Dogstaa og Doegstad er nemningar som dukkar opp i ulike kjelder. Men namnegranskarane kan ikkje slå fast kva namnet tyder. Det dei namnekunnige ved Universiteta i Bergen og Trondheim enda opp med å foreslå ved kartrevisjonen var altså Daustad. Dei tok talemåten i bygda som utgangspunkt.

Både sparkkjerringane og kommunen protesterte på det nye namnet - og dei vann fram. Kommunen klaga på feil saksgang ettersom det er kommunane og ikkje Statens kartverk som etter Stadnamnlova av 1990 har rett til å vedta namn på grender.

Denne artikkelen er skriven av Karoline Daugstad som er Daugstadjente og forskar ved Norsk senter for bygdeforskning i Trondheim.(red.)

http://www.allforsk.ntnu.no/sfb

mailto:karoline.daugstad@allforsk.ntnu.no